Barn på flukt
Me har eit særleg ansvar for å gi tryggleik til barn på flukt. Søknader som involverer barn, må prioriterast. Barn som søkjer asyl åleine er ei spesielt sårbar gruppe og har difor eit spesielt behov for beskyttelse og omsorg. SV meiner at barnevernet bør ha ansvar for alle einslege mindreårige asylsøkarar, for å sikre at alle barn får den omsorgen, tryggleiken og barnefaglege oppfølginga dei har krav på. Barn kan aldri stillast til ansvar for foreldra sine handlingar. Barnet sitt beste må gå foran innvandringspolitiske omsyn.
- Endre reglane og sikre at omsynet til barnet sitt beste skal ha større vekt i alle saker som gjeld barn, og skal vege tyngre enn innvandringspolitiske omsyn. SV fekk i statsbudsjettforhandlingane for 2024 gjennomslag for at foreldre som hovudregel skal ileggast tillegstid istadenfor å utvisast. Færre born kjem til å miste sine foreldre.
- Sikre barn sin rett til å bli høyrt. Barn må snakkast med i alle saker som gjeld barn, til dømes ved utvising av ein forelder. I saker der det er barn involvert, må barn få sjølvstendig rett til fri rettshjelp, og ha ein sakkyndig som vurderer barnet sitt beste. SV fekk i forhandlingane om statsbudsjettet for 2022 gjennomslag for at barn i utvisningssaker skal få fri rettshjelp.
- Innføre ein eigen saksbehandlingsgaranti for barn, for å sørge for særleg rask og trygg handsaming av saker som involverer barn. Styrke den barnefaglege kompetansen i heile mottakskjeden.
- Sikre at alder blir lagt vekt på i saker som gjeld ungdom som har fylt 18 år, men fortsatt er sårbare på grunn av ung alder og at dei er i barnevernet sin omsorg.
- Fjerne ordninga med å gi midlertidige løyve til einslege mindreårige asylsøkarar. Dersom barn ikkje har omsorgspersonar, har dei krav på beskyttelse og skal få opphald.
- Overføre omsorgsansvaret for einslege mindreårige mellom 15 og 18 år til barnevernet.
- At barn ikke skal frihetsberøvast i lukka mottak, heller ikkje ved tvangsretur. Alternative løysingar skal takast i bruk fram til uttransport.
- Lovfeste retten til barnehageplass for barn på asylmottak.
- Kartlegge situasjonen for lengeverande barn i mottak regelmessig, og setje inn eventuelle naudsynte tiltak for å sikre barna sin omsorgssituasjon.
- Sikre etterforsking og oppfølging når barn forsvinn frå asylmottak.
- Slutte med avgrensa løyve til barn generelt.
- Gjennomføre ein uavhengig gjennomgang av UNE sin praksis i saker til lengeverande barn.