Bioteknologi gir mange moglegheitar til beste for mennesket. Det gir oss betre behandling, meir effektive medisinar og ny kunnskap om årsaker til sjukdom. Men det gjer også at me må ha klare grenseoppgangar for kva slags informasjon me skal hente ut, og kva me skal bruke informasjonen til.
Ved å sikre gravide god informasjon om eige foster og helse bidrar me til betre helse. I nokre tilfelle har me også opna opp for endringar der spørsmålet ikkje er knytt til teknologi, som når det kjem til assistert befruktning for einslege.
SV ynskjer ikkje eit sorteringssamfunn der enkelte eigenskapar blir favorisert. Samtidig ynskjer me ikkje å setje så strenge grenser at me går glipp av viktig informasjon som kan redde liv. I 2020 ble det gjort ei rekke endringar i Bioteknologilova, som SV støtta. Mange av vedtaka ble innført med strenge begrensningar.
SV fekk saman med Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Frp gjennomslag for mellom anna desse endringane:
Med altruistisk eggdonasjon meiner ein at kvinna blir kompensert en sum for utgifter og jobbfråver, men at det ikkje skal kunne reknast som ei ekstra inntekt. Det må også settast strenge kriteriar for kven som kan donere egg med tanke på alder og helse.