Transportsektoren er ei kjelde til store utslepp. I og rundt byane må det køyrast langt mindre bil enn i dag for å sikre ein meir effektiv trafikk og for at alle skal få trygg og rein luft å puste i. Men nokon vil framleis trenge bilen. Difor må vi sørge for å lage insentivar og fase inn teknologi som sikrar at heile transportsektoren kan gå på nullutslepp. Det gjeld også for varebilar og lastebilar.
Stortinget har vedteke at alle nye personbilar og lette varebilar som seljast skal vere utan utslepp innan 2025, og at alle nye lastebilar skal vere nullutslepp innan 2030. I budsjettforhandlingane med regjeringa har SV sia 2021 sikra auka avgifar for fossile bilar og senka avgifane på elektriske bilar slik at fleire no velger elektrisk.
SV vil:
Sikre at alle nye personbilar som selgast skal vere utsleppsfrie, alle nye varebilar skal vere nullutslepp innan 2027 og i 2030 skal alle nye lastebilar vere nullutsleppsbilar eller gå på biogass
Sikre tilstrekkeleg ladeinfrastruktur for hurtiglading over heile landet
Bruke kjøpsavgiftane for nye personbilar og varebilar slik at elbilen vinn over bensin- og dieselbilane i nybilsalet.
Auka kjøpsavgiftar for elbilar må alltid bli fulgt av ei større auke for fossilbilar i same klasse
At kollektivtransporten og taxinæringa skal vere utsleppsfri. SV vil sette krav i offentlege anbod og løyver om utsleppsfri kollektivtransport og taxinæring.
Gi elvarebilar og el-lastebilar tilgang til kollektivfelt.
Gi økonomisk støtte til ladeinfrastruktur i burettslag og sameige.