For å ta vare på planter og dyr, må vi sikre leveområda deira. Det gjer vi mellom anna gjennom å opprette nasjonalparkar. Nasjonalparkane representerer nokon av våre flottaste naturområde og er med på å sikre at naturen går i arv. Den fyrste nasjonalparken, Rondane, fekk vi i 1962. I dag har vi 47 nasjonalparkar. Nasjonalparkane har vore avgjerande for å ta vare på større område utan særlege inngrep. Ein stor mangel ved dei norske nasjonalparkane, er at få ligg ved kysten. Dette er område som har eit svært rikt plante- og dyreliv og områder SV vil prioritere å opprette fleire nasjonalparkar i.
SV vil:
Utarbeide ein ny nasjonalparkplan. Vi vil særlig vektlegge oppretting av nasjonalparkar som har ein type natur vi har teke for dårlig vare på, til dømes kystnære områder.
Opprette fleire nye nasjonalpark slik som Østmarka i Oslo og Akershus.
Utvide og forsvare verneplanane for vassdrag. Vi vil ikkje bygge ut verna eller verneverdige vassdrag. Vi vil utarbeide ein eigen plan for vern av kystnær vassdragsnatur.
Sikre minst 10 prosent vern av havområda innenfor territorialgrensen gjennom marine verneplanar.
Utivde naturmangfaldloven til å gjelde ut til 200 nautiske mil.
Sikre minst 10 prosent vern av den produktive skogen.
Utvide dagens ordning med utvalde kulturlandskap der ein sikrar skjøtsel.
Grunnlovsfeste allemannsretten for å styrke naturgrunnlaget til friluftslivet.
Sikre kvardagssnaturen gjennom ei lov som sikrar grenser for utbygging i naturområda rundt dei større byane.