Plastforureining
SV vil gå til kamp mot den auka plastforureininga. Allereie i dag ser vi konsekvensar av plastureininga. Mellom 9-14 tonn plast havnar i havet kvart år. Ein finn plastavfall i fordøyelsessystemet til både fisk og fugl og forskare tror at mikroplast kan gå inn i blodomlaupet. Dette kan få store konsekvensar.
SV vil:
- Nedkjempe plastforureininga gjennom å få på plass ein ny rettsleg bindande internasjonal avtale med krav om å stanse forureininga i hele verdikjeden og ein nasjonal plan for å oppnå nullutslepp av plast i naturen og for opprydning av plastsøppel i heile Norge.
- Norge må få på plass ei produsentansvarsordning for fiskeri- og oppdrettsutstyr slik at dei som sel slikt utstyr også har ansvar for returordningar og for forsvarleg merking. Utstyr frå fiskeri og oppdrett er av dei største nasjonale kjeldene til plastforureining. Me vil også løne fiskarar som tar med søppel dei får når dei fiskar (fishing for litter).
- Forby bruk av plastarmering i samband med vegbygging.
- Skjerpe regelverket mot mikroplast mellom anna for å hindre spreiing frå bildekk og båtmaling.
- Forby all bruk av laust gummigranulat, ny oppkverning av bildekk og all ny bruk av faststøypt gummigranulat der det er risiko for eksponering og utleking. Regulere bruken av kunstige materiale og underlag i idrettsanlegg, barnehagar og på leikeplassar for å hindre lekkasje av plast til naturen (av til dømes granulat og «gras»), og redusere eksponeringa mot miljøgifter.
- Nedkjempe forsøpling. SV vil styrkje innsamlinga av farleg avfall som skader menneske og natur, og i større grad gjere det mogleg for kommunar å sikre opprydding på offentleg og privat grunn gjennom kommunale avgifter og bøter.
- Auke panten og innføre fleire panteordningar og miljøavgifter på produkt med betydeleg miljøbelastning.
- Erstatte bruk av fossil plast med resirkulert og fornybar plast. Auke krava til materialgjenvinning av plast og krav til bruk av resirkulert og fornybart råstoff. Produsentansvaret må utvidast til å gjelde alle produkt som inneheld plast, på den norske marknaden