Rasisme og diskriminering
Rasisme og diskriminering er eit samfunnsproblem. Noreg er ikkje eit unntak. Rasisme og diskriminering er med på å skyve folk utanfor samfunnet, med store konsekvensar for den enkelte. SV vil motarbeide rasisme og diskriminering på alle samfunnsarenaer, og rette ein særleg innsats mot diskriminering på bustadmarknaden og i arbeidslivet gjennom ei streng handheving av antidiskrimineringslovverket.
SV har dei siste åra fått gjennomslag for å styrke støtta til frivillige organisasjonar på feltet. Vi har også sikre gjennomføring av ein pilot med kvitteringsordning mot etnisk diskriminering, samt styrka det nasjonale kompetanseteamet innen hatkriminalitet i politiet.
SV vil:
- Innføre nasjonal kvitteringsordning mot etnisk profilering i politiet, som bygger på erfaringane frå den gjennomførte piloten i Oslo kommune.
- Styrke det nasjonale kompetansemiljøet innen hatkriminalitet i politiet.
- Ha ein tiltaksplan for å førebygge og handtere rasisme i skulen, som mellom anna skal sikre at lærar- og barnehagelærarutdaninga har god opplæring i antirasisme.
- At norske kommunar og statlege føretak skal kunne vise til arbeid mot rasisme på eit systematisk nivå, for eksempel gjennom handlingsplanar mot rasisme og etnisk diskriminering.
- Auke stønaden til forsking på rasisme og diskriminering.
- Fortsette å auke den økonomiske stønaden til antirasistiske aktørar og frivillige organisasjonar som jobbar med antirasisme og inkludering.
- Å auke andelen tilsette med minoritetsbakgrunn gjennom kvotering i staten og verksemder staten kontrollerer, og bruke dette aktivt for å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn til leiarstillingar.
- Styrke trepartssamarbeidet for å bidra til at heilskapleg diskrimineringsarbeid blir ein del av rekrutterings- og tilsettingsarbeid.
- Arbeide for eit styrka vern mot diskriminering i lov- og avtaleverket, og for å styrke aktivitets- og redegjørelsesplikta i diskrimineringslovgivinga.
- Lage ein rettleiar for å bekjempe diskriminering i rekrutteringsprosessar, spesielt diskriminering som gjer at kandidatar blir valt bort før intervjuprosessane.
- At verneombod og tillitsvalte får auka kompetanse for å betre avdekke førekomstar av diskriminering, og gi god rettleiing og oppfølging av dei som opplever diskriminering.
- At rasisme på utestadar blir bekjempa, ved å senke terskelen for inndragning av skjenkebevilling som følge av rasisme, og ved at utestadar må tydeleggjere eventuelle særreglar for adgang.
- Vidareføre eigne handlingsplanar mot antisemittisme og islamofobi.
- At lek- og fagdommarar skal sikrast systematisk opplæring om voldtektsmytar og fordommar knytt til kjønn og seksualitet og korleis strukturar som rasisme og fordommar kan påverke beslutningar.
- Innføre fri rettshjelp i likestilling- og diskrimineringssaker.
- Bevare rasismeparagrafen.
- Arbeide for eit samfunn der alle står fritt til å utøve tru og livssyn, og der det finst ein levande dialog om religion. Samtidig står me fast på retten til å kritisere dei kreftene som i religionens namn ynskjer å føre samfunnet i konservativ retning.