Universell utforming
Eit demokratisk, likestilt og rettferdig samfunn gir like moglegheiter og er organisert slik at alle kan leve frie og sjølvstendige liv. Universell utforming er eit uttrykk for eit samfunnsmessig verdisyn om likestilling for alle og om at samfunnet skal være like tilgjengeleg for alle innbyggarar. For personar med nedsett funksjonsevne er universell utforming ein føresetnad for å kunne delta likeverdig, styre eige liv og kunne ta frie val. Difor meiner SV at vi må gjere FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsemne, CRPD, til ein del av menneskerettslova.
Ein av føresetnadene for at Noreg skal oppfylle menneskerettane sitt krav om å sikre likestilling for menneske med funksjonsnedsettingar er at samfunnet er universelt utforma. Noreg er langt unna det målet i dag. Skal Noreg bli eit universelt utforma samfunn er ein avhengig av målretta innsats fra myndigheitene på mange felt, med tydelige prioriteringar, forpliktande tidsfristar på ulike samfunnsområde og kraftfulle sanksjonar mot dei som ikkje legg til rette for alle sine moglegheiter til å delta i samfunnet på ein likestilt måte.
For å kunne delta i samfunnet er universelt utforma kollektivtransport, skular, barnehagar og arbeidsplassar, samt tilgjengelege offentlege tenester og butikkar viktig.
SV vil
- At menneske med ei funksjonsnedsetting skal få tilstrekkeleg tilrettelegging for å kunne delta i det ordinære arbeidslivet. Det kan vere gjennom tilrettelegging, tekniske hjelpemiddel, arbeids- og utdaningsreiser, funksjonsassistentar og tolketenester, og ved å få dekka utgifter til faste HC-parkeringsmoglegheiter ved arbeidsstaden for den tilsette.
- Inkorporere FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) i menneskerettslova, for å gi konvensjonen forrang i norsk rett.
- At Noreg underteiknar tilleggsprotokollen til CRPD slik at norske borgarar ikkje blir utestengt frå å klage inn moglege menneskerettsbrot på grunnlag av nedsett funksjonsevne til CRPD-komiteen.
- Sette tidsfrist for at Noreg skal vere universelt utforma innan 2035.
- Innføre universell utforming som krav i alle anbudsprosessar i transportsektoren og jobbe for ei nasjonal ordning for tilrettelagt transport (TT).
- Sikre at kommunar sørge for at alle vallokale og møte i kommune- og bystyre finn stad i lokalar som er universelt utforma og at det er e-valløysingar for blinde og svaksynte i kommune,- fylkestings- og stortingsval.
- Stille krav om universell utforming i kultursektoren.
- Sikre teiknspråklege barn sine språklege rettar og tilgang på eit godt teiknspråkmiljø i barnehagen og skulen.
- Innskrenke moglegheita til å påberope seg uforholdsmessig byrde som grunnlag for unndra seg lovkrav om universell utforming.
- Innføre universell utforming som krav for å få offentlege tilskot eller støtte, og i offentlege anbud, med unntak for tilfeller der dette er openbart unødig.
- Sørgje for at alle elevar har tilgang på tilpassa læremidlar og universell utforming ved sine skular gjennom å etablere ei ordning med rentefrie lån for universell utforming av skulebygg, samt ein forpliktande tidsfrist om at alle skular skal vere universelt utforma innan 2035.