Ingrid Fiskaa er lærar og er frå 2021 stortingsrepresentant for Rogaland. Ingrid er femte visepresident på Stortinget og sit som medlem i utanriks- og forsvarskomiteen. Ho er også medlem av SVs gruppestyre.
Ingrid vaks opp og bur på Bryne. Ho har arbeidd som lærar i vidaregåande skule både i Oslo og i Sandnes. Ho har tidlegare vore leiar i SU, sentralstyremedlem i SV og statssekretær i Utanriksdepartementet. Ingrid har hatt ei rekke tillitsverv i ulike organisasjonar, som Noregs Mållag, Attac Noreg, Fredsinitiativet, Manifest, Nei til EU og Utdanningsforbundet. I perioden 2016-2021 var ho medlem av representantskapet i Noregs Bank. Ingrid er kommunestyrerepresentant for SV i Time, leiar i Rogaland SV og landsstyremedlem i SV. Ho er fast skribent i Klassekampen og Nationen.
Epost: ingrid.fiskaa@stortinget.no