Standardvedtekter

Vedtekter for xxx Sosialistisk Venstreparti (SV)/

SG – SOSIALISTALAŠ GURUTBELLODAT

Vedtektene er lokallagets eigne lover og reglar, som skal sørgje for at lokallaget vert drive på ein ryddig og oversiktleg måte. Dei supplerer dei sentrale og fylkeslagets vedtekter, og kan ikkje stå i motstrid til desse.

§ 1. xxx SV

xxx SV er eit lokallag for SV-medlemmer i xxx kommune. Målet til xxx SV  er ei sosialistisk samfunnsordning i Norge. Grunnsynet til partiet er nedfelt i SV sine vedtekter og program.

§ 2. Årsmøtet

§ 2-1 Møtetidspunkt og innkalling

Årsmøte i lokallaget skal haldast innan utgangen av januar kvart år, jf § 4.3. i dei sentrale vedtektene. Lokallaget kan, dersom det ligg føre særlege grunnar, fastsetje eit anna tidspunkt.

Årsmøte med førebels sakliste skal kunngjerast med minst 21 dagars varsel. Forslag til saker ein ønskjer at årsmøtet skal behandle, og eventuelle forslag til endring av vedtektene, må sendast til styret seinast 14 dagar før årsmøtet.

Endeleg innkalling med sakliste og sakspapir skal sendast ut seinast 7 dagar før møtet.

§ 2-2 Sakliste

Årsmøtet skal behandle årsmelding, revidert rekneskap, arbeidsplan, budsjett, innkomne forslag og val av styre, revisor og valkomité. Årsmøtet vel og utsendingar til fylkesårsmøtet.

§ 2-3 Deltaking og stemmerett

Årsmøta i xxx SV er opne, med mindre årsmøtet bestemmer noko anna. Forslags- og stemmerett på  årsmøtet har alle som er registrert som medlemmer i xxx SV, og som har betalt kontingent. Styremedlemmer  har ikkje stemmerett ved behandling av årsmelding og rekneskap. Inviterte gjester har talerett.

Medlemskap i SV er ein føresetnad for å ha tillitsverv i lokallaget.  SU-representantar kan óg bli gitt rettar i xxx SV sine organ, utan å vere valt av årsmøtet i xxx SV.

§ 2-4 Ekstraordinært årsmøte

Styret skal kalle inn til ekstraordinært årsmøte dersom 1/3 av styremedlemmene eller av medlemmene krev det. Innkalling til ekstraordinært årsmøte vert sendt ut minst 21 dagar før møtet. Forslags- og stemmerett på ekstraordinært årsmøte har alle som er medlemmer i laget, og som har betalt kontingent.

§ 3. Styret

§ 3-1 Faste medlemmer.

Styret er samansett av minst 3 medlemmer, og vert valde av årsmøtet. Leiar vert vald særskild, og for eitt år om gongen. Styremedlemmene vert vald for to år, og slik at halvparten er på val kvart år. Om det finst SU-lag på staden, har SU ein representant i styret med fulle rettar.

Styret er samansett av

§ 3-2 Varamedlemmer

I tillegg til faste medlemmer har styret inntil 3 rangerte varamedlemmer. Desse vert valde av årsmøtet for eitt år om gongen.

§ 3-3 Styremøte

Styremøte vert halde jamleg, og minst fire gongar i året. Gruppeleiar i kommunestyregruppa har møte- og talerett.  Varamedlemmer har møte-, tale- og forslagsrett på styremøta. Varamedlemmene får stemmerett i prioritert rekkefølgje dersom faste medlemmer har forfall. Ved likt stemmetal har leiar dobbelstemme. For å kunne gjere vedtak må minst halvparten av styremedlemmene eller deira vararepresentantar vere til stades.

§3-4 Oppgåvene til styret

Styret har ansvar å drive lokallaget mellom årsmøta, og for å følge opp årsmøtet sine vedtak. Styret kan vedta fullmakter og signaturrettar.

Styret har ansvar for oppfølging av partilova og den årlege rapporteringa til Statistisk Sentralbyrå (SSB) på Partiportalen.

§ 3-5 Underutval

Styret eller årsmøtet kan peike ut underutval.

§ 4. Nominasjon

§ 4-1 Val av komite

Årsmøtet i xxx SV vel nominasjonskomite i året før kommuneval, jf. vedtekter for Sosialistisk Venstreparti § 10-2.

§ 4-2 Samansetning av komiteen

Nominasjonskomiteen skal ha 3 medlemmer. Begge kjønn skal vere representert. Dersom det finst lokalt SU-lag, skal SU vere representert i komiteen.

§ 4-3 Arbeidet til komiteen

Nominasjonskomiteen skal legge vekt på god kjønnsbalanse og god geografisk fordeling, der listeframlegget så langt som råd skal spegle breidda og mangfaldet av innbyggarar i kommunen. Det skal leggast stor vekt på medverknad frå medlemmene.

§ 5. Nominasjonsmøtet

§ 5-1 Møtetidspunkt og innkalling

Nominasjonsmøtet skal haldast innan 31. mars i kommunevalår, og kunngjerast med minst 30 dagars varsel. Innkalling til nominasjonsmøtet med innstillinga frå nominasjonskomiteen skal sendast ut seinast 14 dagar før møtet.

§ 5-2 Deltaking

Stemmerett på nominasjonsmøtet har alle som er registrert som medlemmer i xxx SV, og som har betalt kontingent. Nominasjonsmøte i XX SV er opne, om ikkje møtet sjølv vedtek noko anna.

§ 6. Valkomite

§ 6-1 Val av komite

Årsmøtet vel valkomité til neste årsmøte. Styret innstiller til val av valkomité. Komiteen vert vald for 1 år.

§ 6-2 Samansetning av komiteen

Valkomiteen skal vere samansett av minst 3 personar. Begge kjønn skal vere representert, og dersom det finst eit SU-lag, skal også dette vere representert i komiteen.

Styret kan supplere valkomiteen dersom ein medlem trekkjer seg frå komiteen i løpet av valperioden.

§ 6-3 Arbeidet til komiteen

Valkomiteen skal innstille til val på styre, revisor og nominasjonskomité, samt utsendingar til fylkesårsmøtet.

§ 7. Revisjon

Årsmøtet vel 2 revisorar som reviderer rekneskapet(a) til xxx SV og eventuelle underutval. Revisorane vert valde for 1 år.

§ 8. Medlemsmøte

Det øvste organet mellom årsmøta er medlemsmøtet. Styret inviterer til medlemsmøte når det er behov for dette, og minimum ein gong i året. Det skal kallast inn til medlemsmøte dersom 1/3 av medlemmene i styret, eller 1/3 av medlemmene i lokallaget, krev det.

§ 9. Kommunalpolitisk arbeid

Kommunestyregruppa førebur og behandlar kommunalpolitiske saker. Større eller prinsipielle saker, som ikkje er tydeleg omtalt i valprogrammet, skal leggast fram for styret. Styret kan binde gruppa i saker der sentralt eller lokalt program ikkje gjev klar rettleiing om standpunktet til partiet. Ein føresetnad er at saka står på saklista til styremøtet, og at kommunestyregruppa er innkalla.

§ 10. Partiskatt

Alle medlemmer som har heiltids- eller deltidstillitsverv på grunnlag av representasjonen til partiet i formannskap, kommunestyre og/eller kommunale utval betalar partiskatt av brutto løn/honorar som følgjer vervet, jf. vedtekter for Sosialistisk Venstreparti § 11.6, og satsar vedtekne av landsstyret i SV.

Ein betalar ikkje partiskatt av tapt arbeidsforteneste, reisegodtgjersle etc.

§ 10-1 Plikt til innbetaling

Ved nominasjonprosessar til verv med løn/honorar, skal kandidatane få informasjon om partiskattordninga. Medlemmen har sjølv ansvaret for å betale inn partiskatt.

§ 10-2 Fritak

Tillitsvalde kan i særskilte tilfelle søkje styret i xxx SV om reduksjon eller fritak for partiskatt. Fritaket kan bli gitt for inntil 6 månader om gongen.

§ 11. Vedtektsendringar

Desse vedtektene kan berre endrast eller opphevast av årsmøtet med kvalifisert fleirtal (2/3 fleirtal), og når saka står på saklista.

Vedtekne på årsmøtet i xxx SV xx.xx.20xx

Her finner du standardvedtektene og andre dokumentmaler